Rugsund Handelsstad
Rugsund Handelsstad

Handelstaden

Omkransa av vakker natur ligg den gamle handelsstaden i Rugsund på austspissen av Rugsundøya. Rugsundet er "snarvegen" til Nordfjord når ein kjem sørfrå innover Frøysjøen, (Bremanger kommune, Sogn og Fjordane). Nordaust for den mektige, sagnomsuste Hornelen, høgaste sjøklippa i Nord-Europa, nord om Rugsundbrua, ligg Rugsundstraumen. Storøyna/ Litleøyna dannar ly for Rugsund Handelsstad . Den lune og gode hamna sentralt plassert ved den indre skipsleia langs kysten, var ettertrakta av dei sjøfarande.
I dag er hamna mykje besøkt av båtturistar likar seg i den idylliske og fredelege hamna.

På Rugsund Handelsstad kan du også overnatte på land. Du kan leige rom, leilighet hus eller teltplass. Vi leiger og ut selskapslokale til private arrangement.

I Rugsund-området er det svært gode tilhøve for dykking. På handelsstaden kan du fylle dykkarflasker (200/ 300 bar).

Rugsund er eit godt utgangspunkt for turar til Hornelen, Ålfotebreen, Vingen helleristningsfelt (obs! ferdselsrestriksjonar) og elles flotte fjellturar i fjellområda omkring. Her vil heile familien storkose seg i flott kystkulturmiljø. Rugsund Handelsstad er tilrettelagt for både voksne og barn.

Du er hjertlig velkommen til oss anten du kjem sjøveien eller landeveien.  Velkommen til kystkultur på sitt beste! 

Helsing vertskapet Skaar

                    HEIM                    HANDELSSTADEN                    ATTRAKSJONER                    KONTAKT