Om oss

Rugsund Handelsstad blir i dag drive av familien Harald og Marie Skaar, og i 2016 har Skaar slekta drive handelsstaden i 100 år.

I familien er vi svært opptatt av å ta vare på husa, stemninga og kulturopplevinga på handelsstaden. Dette ynskjer vi mellom anna å oppnå gjennom dei ulike service tilboda vi tilbyr besøkande ved handelsstaden. På denne måten håpar vi å kunne dele opplevinga av den kulturelle, historiske heimen vår med andre.

Harald Skaar tok over Rugsund Handelsstad i lag med kona Marie og flytta frå Florø til Rugsund i 1989. Sidan den gong har dei saman restaurert handelsstaden, som i 89 var svært til nedfalls, til det den er i dag. Samtidig med drift og restaurering har dei og andre jobbar, Harald er bussjåfør og Marie jobbar i posten.

Den eldste dottera deira, Anne-Johanne Skaar har hovudansvaret for Svalen Kafé og nettsidene til Rugsund Handelsstad. Ho er allmenn-lærarstudent ved Høgskulen i Volda og jobbar ved sidan av, men kjem heim så ofte ho kan for å hjelpe til med drifta av handelsstaden.

Stine Skaar hjelper og til så mykje ho kan inn mellom studia ved Kunsthøgskulen i Bergen, både i kafeen, landhandelen, selskapslokala, i utleigeeiningane eller i sjøen. Stine er familiens ivrigaste dykkar så spør gjerne etter henne om du vil ha guida dykkartur. Så lenge ho er heime og har muligheit stiller ho gjerne opp og det blir ikkje eit kjedelig dykk!

Lars Ove Skaar er yngst og einaste guten i syskenflokken på tre. Han treff du ofte i sommarsesongen bak grasklypparen, ved diesel-pompa, bak disken i landhandelen eller som servitør på Svalen Kafé.

Vi  i familien vil gjerne gjere ditt besøk ved Rugsund Handelsstad ei triveleg og kulturell oppleving som forhåpentlig vis vil gje deg mange gode minner.

Velkommen til oss på Rugsund Handelsstad!

 



                                                                         HEIM                    HANDELSSTADEN                    ATTRAKSJONER                    KONTAKT