HEIM                    HANDELSSTADEN                    ATTRAKSJONER                    KONTAKT

Historie

"Rugsund ligg på Rugsundøya attmed det tronge sund mellom "Øyna" og fastlandet. Sundet er for mindre fartøy ein snarveg mellom Frøysjøen og Nordfjord. Namnet Rugsund er gammalt. Det er nemnt i sogene i kring 1200-talet og sidan ned gjennom middelalderen. Bygdefolket seier ålment berre "Søndet" (i dat. "i Sønda".) Det er ferdsla, den gode hamna og dei gode "lunnender" av ymse slags fiskeri som har gjort at staden så tidleg vart bygd.

I striden mellom birkebeinarane og baglarane er Rugsund nemnd, og at RUGSUND var ein betydningsfull stad på den tida, forstår vi når vi les Sverre Sigurdssons kongesaga. Sitat: ...De kom ned i en fjord som heter Olden inn for RUGSUND, og der drepte de kong Sverres sysselmenn....... (Kilde: J. Aaland)

Bispen Nicolaus låg her i år 1204 og "bidde på bør".

KYRKJA stod her frå middelalderen av, og her budde prestane i Rugsundsokna frå før 1338.

Frå 1723 var kyrkja i privat eige. I 1801 var eigaren Th. Friis i Rugsund. I 1834 slo lynet ned i kyrkja, og ho brann då heilt ned. Tufta er enno synleg på ei høgd ovanfor landhandlarstaden.

Eigaren av handelsstaden, H. D. Friis, kosta den nye kyrkja opp att i 1838. Den vart då oppsett i Hessevågen på fastlandet. Ei medverkande årsak var å få kyrkja bort frå "gastgjevarstaden" og brennevinshandelen der.

Kyrkja er teikna av arkitekt Linstow, den same som teikna slottet i Oslo.

I 1897 kjøpte kyrkjelyden kyrkja av Friis sine arvingar for 16000 kroner kontant. Kyrkja vart utvida og ombygd i 1911 og framstår slik i dag. Kyrkja er omtala som innvendes den venaste i Nordfjord. Den kjende kunstnaren Lars Kinsarvik har stått for dekoreringa.

HANDEL

Frå gamal tid var her i Rugsund ein sers lagleg stad for handel og borgarnæring (gastgiveri). Her gjekk jektetrafikken til/frå Bergen, fiskebåtane og elles gjekk her skyssar med embets- og ferdafolk. Av skattelistene (i riksarkivet) kan ein sjå at til og med "skottlendarar" kom til Rugsund for å kjøpe tømmer, tjære og tønneband. Og det så seint som fyrste bolk av 1600-årstalet.

Etter at det vart forbode å handle direkte med utanlandske "tilseglingsmend", gjekk handelen over til borgarar i Bergen. Det var no jektetrafikken serleg tok seg opp, og Rugsund vart "et uomgiengelig fornøden for reisende saavel som almuen, det rette skysskifte, ja jekte- og baadehavn for gandske Nordfjord".

Det har vore "kræmmerleye" i Straumen, seinare flytta til Storøy, men frå 1666 har borgarnæringa vore på Rugsundøyna.

Det har opp gjennom tidene vore fleire brukarar på handelsstaden. Thomas Thomasson Friis kjøpte staden i 1744. Staden tilhøyrde sidan Friis-slekta fram til 1898 (omlag 150 år), då den gjekk på auksjon til Peter C. Wiese. Harald Skaar kjøpte eigedomen i 1916 av Wiese, og har vore i fam. Skaar si eige sidan.

Rugsund Handelsstad vart freda allereie i 1924.